Helserettar for soldatar i førstegongsteneste

Soldatar i førstegongsteneste har krav på gratis legetenester og anna helsehjelp.

Forsvaret soldater bærer skadet soldat

​Helsehjelp i leiren for soldatar i førstegongsteneste

Som soldat i førstegongsteneste har du tilgang til gratis lege og tannlege i leiren. Dei fleste tenestestadane har både legar og tannlegar.

Får du dekka helsetenester i Forsvaret, har du ikkje rett til stønad frå Helfo for desse helsetenestene.

Helsehjelp når det ikkje finns hjelp leiren, eller når du ikkje er i leiren 

Som soldat i førstegongsteneste har du krav på gratis legeteneste døgnet rundt, også når du har permisjon. 

Dersom det ikkje er legehjelp i leiren, eller du er på permisjon, må du oppsøke kommunal legevaktteneste eller fastlegen din for å få refusjon frå Helfo. 

Dersom du som er vernepliktig soldat kan dokumentere med FD-ID-kort at du er i teneste, skal du sleppe å betale eigendelar for behandling og legemiddel på den kommunale legevakta eller hos fastlegen din.

Vær obs på at Helfo ikkje dekkjer utgifter til behandlarar som ikkje har direkte oppgjersavtale med Helfo, for eksempel 

  • heilprivate lege-, psykolog- og fysioterapi-tenester eller
  • legehjelp hos private legevakter/legekontor

Dersom du ikkje har med FD-ID-kort, eller av annan grunn må legge ut for behandlinga, søker du Helfo om refusjon i etterkant.

Send søknad til Helfo

Fristen for å sende inn søknad er seks månader frå kvart enkelt utlegg. Du må hugse å sende kopi av vernepliktskortet ditt til Helfo saman med søknadsskjema og spesifiserte originalkvitteringar som vedegg til digitalt skjema. 

Nyttig informasjon om å sende digitalt skjema, finner du her. 

Papirskjema

Om du ikkje kan bruke vårt digitale skjema, kan du fylle ut eit kvitteringsskjema på papir og sende det inn saman med kopi av vernepliktskortet og spesifiserte originalkvitteringar. 

Søknaden sender du til Helfo, postboks 2415, 3104 Tønsberg innan seks - 6 - månader etter at du har hatt utlegget.

Helsehjelp ved yrkesskade og yrkessjukdom

Soldatar i førstegongsteneste og frivillig tenestegjerande som er inne til førstegongsteneste i Hæren, Luftforsvaret, Sjøforsvaret, Heimevernet eller Sivilforsvaret har ein såkalla utvida rett til yrkesskadedekning.

I nokre tilfelle oppstår det skader og helseplager som er så alvorlege at du bør vite om desse rettane dine. Denne utvida retten betyr faktisk at all skade eller sjukdom som oppstår når du er i aktiv teneste i Forsvaret gir rett til yrkesskadedekning.

Denne retten gjeld sjølv om det ikkje

  • har skjedd ei arbeidsulykke
  • kan påvisast ein årsakssamanheng mellom førstegongstenesta di og skaden/sjukdommen

Obs: Viss skade eller sjukdom oppstår mens du er erklært midlertidig udyktig i tenesta eller dimittert, vil du ikkje ein slik utvida rett til yrkesskadedekning.

Befalsskuleelevar har same rettar når det gjeld yrkesskadedekning det første året av utdanninga, dersom dei ikkje allereie har avtent førstegongstenesta.

Slik går du fram for å rettane som følgjer av utvida yrkesskadedekning:

  • Dersom du er soldat i førstegongsteneste, og blir utsett for skade, skal føresette i militæret registrere skaden og sende inn skademelding til Nav på dine vegner dersom skaden bør registrerast som yrkesskade.
  • Dersom Nav har godkjent yrkesskaden eller yrkessjukdommen, kan Helfo gje full dekning av utgifter til legehjelp, tannlegehjelp, fysikalsk behandling, legemiddel, næringsmiddel, spesielt medisinsk utstyr, medisinsk forbruksmateriell og hensiktsmessige hjelpemiddel i samband med skaden. Du som er vernepliktig må hugse å sende kopi av FD-ID-kortet ditt til Helfo.
  • Når Nav har vedteke at du har ein yrkesskade eller yrkessjukdom, skal du sleppe å betale eigendelar på dei områda som gjeld for yrkesskade/yrkessjukdom (sjå sida om yrkesskade for kva helsehjelp dette gjeld).

Dersom sjukdommen er diagnostisert eller har gitt symptom før tenesta, vil som hovudregel berre den midlertidige eller varige forverringa som er oppstått under tenesta bli godkjent som yrkesskade/yrkessjukdom.

Behov for psykolog

Dersom du er soldat i førstegongsteneste og har behov for psykologhjelp, har ​Forsvaret ei eiga psykologteneste eller psykiatritilbod.

Militærlegen hjelper til med å finne eit tilbod.

Erstatning ved yrkesskade eller død

​Vernepliktige/soldatar er forsikra gjennom Statens pensjonskasse. Det betyr at du kan ha rett til ei eingongserstatning ved yrkesskade.

Yrkesskadeforsikringa kan også gi etterlatne rett til erstatning dersom ein arbeidstakar døyr på grunn av ein yrkesskade.

Yrkesmilitære har ikkje utvida rett ved yrkesskade

​Yrkesbefal, kontraktsbefal og verva personell har ikkje den utvida retten til helsehjelp ved yrkesskade/yrkessjukdom som vernepliktige har.

Høyrer du til ei av desse gruppene, har du dei same helserettane som andre arbeidstakarar ved yrkesskade.

Helsehjelp til befalsskulelevar og forsvarspersonell i lønna arbeid

Forsvaret tilbyr også befalsskuleelevar gratis legebehandling på forsvaret sine sjukestover.

Forsvarspersonell i lønt arbeid, som krigsskulekadettar, grenaderar, befal, offiserar og sivilt tilsette har i utgangspunktet ikkje rett til å bruke Forsvarets helseteneste, men skal bruke fastlegen og har dei same helserettane som andre arbeidstakarar i Noreg.

Helse- og omsorgsdepartementet (lovdata.no)

Pasient- og brukerrettighetsloven inneholder rettsregler om de rettigheter pasienter og brukere har overfor helse- og omsorgstjenesten.

Innhaldet er levert av Helfo

Helfo. Helserettar for soldatar i førstegongsteneste. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert fredag 26. april 2024 [henta laurdag 27. april 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/rettigheter/helserettigheter-for-soldater-i-forstegangstjeneste/

Sist oppdatert fredag 26. april 2024