Slik går du fram om du treng hjelp

 
Det er viktig at du får den oppfølginga du har behov for etter å ha opplevd ei krise.
Helsetenesta skal i etterkant av 22.07.11 vere meir proaktiv og aktivt oppsøkande overfor dei råka enn det som elles er vanlig. Dette inneber individuelt tilpassa oppfølging, og tilbod om ein fast kontaktperson som skal sikre at du får den hjelpa du har behov for. Dersom du opplev at du ikkje mottek den hjelpa du treng, er dette nokre råd til korleis du kan gå fram:
 

1. Start i kommunen der du bor

Det kan vere nyttig å lese på kommunen sine heimesider, her skal du mellom anna finne eit eige telefonnummer for dei som er råka. Ikkje nøl med å ta kontakt med fastlegen din. Mange kommunar har ei eiga avdeling for psykisk helsearbeid eller ein psykisk helseteneste, ein del har og  kommunepsykolog som du kan kontakte direkte. Helsesøstrene kan dessutan yte god bistand.
 

2. Spesialisthjelp

Nokon vil slite med større problem, eller problem som varer over lengre tid. Då kan det vere aktuelt med hjelp frå fagfolk i spesialisthelsetenesta (det psykiske helsevernet). Fastlegen  vil vere den næraste til å vise deg til spesialisthelsetenesta, etter ei vurdering av behova dine.

 

3. Eigendel


Dersom du er under 18 år, er behandling hos psykolog eller psykiater i spesialisthelsetenesta gratis. Det same gjeld hos fastlegen for dei under 16 år. Er du over 18 år, må du som hovudregel betale ein eigendel. Eigendelstaket for frikort er per i dag 1980 kroner. Overstig du dette beløpet, får du automatisk tilsendt frikort i posten og det du har betalt for mykje settast tilbake på kontoen din. Du slipp da å betale meir resten av kalenderåret.
 
Les meir hos Helfo eller ring Frikorttelefonen på 815 70 050 dersom du har spørsmål.
 

4. Har du flytta?


Dersom du har flytta til ei ny kommune for å for eksempel gå på skule, er det heimstadkommunen som skal sikre at oppfølginga blir tatt hand om av den kommunen midlertidig bur i. Dette skjer etter samtykke med den enkelte.
 
Ta kontakt med helsetenesta sin rettleiingstelefon om du opplev at du ikkje får den hjelpa du har behov for i ny kommune: 815 70 070
(open kl. 08.00-1530).

 

5. Kartlegging av behova

Det er utarbeidd eit kartleggingsverktøy til hjelp i å klarlegge kva for helsemessige og psykososiale oppfølgingsbehov den enkelte har. Dette er meint som ei sjekkliste for å fange opp reaksjonar og plager, slik at ein igjen sikrar at alle som treng får vidare hjelp. 

Kartlegginga er frivillig, og svara sjåast på som ein del av journal og skal lagrast forsvarlig på lik linje med anna journalmateriale. Den er anbefalt gjennomført ved 5-6 veker, etter tre månadar og eit år.
 

Under følgjer kontaktinformasjon til nokre av dei du kan vende deg til

Fastlegen

Sjekk kven som er fastlegen din her (du må logge inn med MinID) eller ring Fastlegetelefonen på 810 59 500.

 

Kommunane

Telefonnumra finn du her. Heimesida til kommunen di inneheld informasjon om kvar/ulike stader i kommunen du kan få hjelp, med telefonnummer og adresser (bl.a. til kommunepsykolog). www.norge.no/styresmakter

Helsetenesta sin rettleiingstelefon

 
Dersom du av ulike grunnar ikkje finn fram eller får kontakt med helsetenesta, hjelper Helsetenesta sitt rettleiingsstelefon deg:
815 70 070
.
Nettstad: www.helfo.no, e-post: info@helfo.no.
 

Anna hjelp frå psykolog eller psykiater

Viss du treng hjelp frå psykolog eller psykiater i spesialisthelsetenesta, kan fastlegen din hjelpe med tilvising. Du finn og oversikt over psykologar og psykiatrar her:
Ringer du 800 41 004,  kan du få ei oversikt over kven som har kortast ventetid i nærleika av der du bor.
 

Familievernkontora

Her finn du ditt familievernkontor.

Politiet

Om du har behov for kontakt med politiet: ring 02800.
 

Nasjonal støttegruppe

Det er danna ei nasjonal støttegruppe for overlevande, pårørande og etterlatne. Støttegruppa er ein pådrivar i å ivareta rettane til dei råka. Har du behov for å kome i kontakt med støttegruppa: stottegruppen@22juli.info



 



 


 
 
 
 
 
 
 
 
 
 



Relatert innhold

Treng du nokon å snakke med?

Mental Helse Hjelpetelefonen:
116 123
(open heile døgnet).

Røde Kors-telefonen for barn og unge: 800 33 321.
(Open:
Laurdag - søndag kl.12–18, måndag – fredag kl.14–20.)
 
Tenestene er gratis, og du er
anonym når du ringer.
 
Klara Klok er ei spørreside med unge og unge vaksne som hovudmålgruppe. Du er anonym, og får svar innan ei uke.

Andre hjelpetelefontenester