Resepten blir elektronisk

Kilde: Helsedirektoratet
 
  1. Kan eg velje mellom e-resept og papirresept?

    Legen skal som hovudregel bruke e-resept, men kan gi papirresept viss du skal hente vara på eit apotek eller hos ein bandasjist som ikkje har innført e-resept enno.
  2. Kor blir e-resepten min lagra?

    E-resepten blir lagra i ein sentral database som kallast Reseptformidlaren. Resepten blir sletta ein månad etter at han er ferdig ekspedert. Når resepten har gått ut på dato, blir han sletta med det same.
  3. Kor kan eg hente vara?

    Hos legen får du vite kva for apotek eller bandasjistar som kan ekspedere e-reseptar. Det vil vanlegvis vere alle apotek og bandasjistar i same kommune som legekontoret der du fekk e-resept. Nabokommunar kan også ha innført e-resept. I 2013 skal e-resept vere i bruk over heile landet.
  4. Før fekk eg varene tilsendt. Korleis blir dette no?

    Legen sender resepten elektronisk til det same apoteket eller den same bandasjisten som fekk papirresepten før. Dei pakkar og sender deg vara som før. Viss det er meir igjen på resepten, ringjer du sjølv apoteket eller bandasjisten når du treng meir. Informasjonen du får tilsendt saman med varene, viser om det er meir igjen på resepten.
  5. Må eg alltid oppgi fødselsnummer?

    Nei, du kan oppgi namn og fødselsdato. Når apoteket eller bandasjisten søkjer på namn og fødselsdato, kan dei be om tilleggsopplysingar for å sikre at dei hentar fram resepten til rett person. Har du D-nummer, oppgir du det.
  6. Kan andre hente vara for meg?

    Ja, men husk at personen som hentar for deg, må oppgi fødselsnummeret ditt og om naudsynt gi tilleggsopplysingar. Vedkomande kan også bli beden om å vise eigen legitimasjon. Viss personen skal hente vare som du har fått på låst resept (sjå punkt 9), må vedkomande ha meg seg resepten sitt referansenummer.
  7. Kan eg få fleire utleveringar på ein e-resept

    Ja, det fungerer på same måte som med papirreseptar. Legen bestemmer om du kan få fleire utleveringar.
  8. Korleis får eg oversikt over e-reseptane mine?

    Hos legen kan du få ei utskrift over alle legemiddel og varer du bruker, så sant legen også har informasjon frå andre legar som har skrive resept til deg. På apoteket eller hos bandasjisten kan du få ei utskrift over dei gyldige e-reseptane dine. Utskrifta viser berre kva slags reseptar du kan be om å få ekspedert. Du ser ikkje låste reseptar. Du kan også få oversikt over gyldige e-reseptar med tenesta Mine reseptar.
  9. Kva er ein låst resept?

    Ein låst resept er ikkje synleg når helsepersonell søkjer i Reseptformidlaren med fødselsnummeret ditt. Låst resept har eit eige referansenummer som du oppgir i staden for fødselsnummer. Legen bruker låst resept viss du ber om det. I så fall får du referansenummeret på ei utskrift. Viss du mister nummeret, må du kontakte den same legen for å få referansenummeret på nytt, eller du kan finne det igjen ved å bruke tenesta Mine reseptar. Du får automatisk låst resept viss du ikkje har norsk fødselsnummer eller D-nummer.
  10. Kan legen få betre oversikt over reseptane mine?

    Legen kan sjå e-reseptar som legen sjølv har skrive til deg. Viss legen skal sjå e-reseptar frå andre legar, må du gi samtykke til det. Ein låst resept er usynleg viss du ikkje oppgir referansenummeret. Fastlegen kan få melding når du har henta vara. Dette føreset også samtykke frå deg. For kvar utlevering kan du reservere deg mot at fastlegen får melding, sjølv om du før har gitt samtykke.
  11. Er e-resept trygt?

    Ja, e-resept oppfyller strenge nasjonale krav til tryggleik og personvern. Ein e-resept er berre tilgjengeleg for dei som behandlar han. Systemet loggfører kven som søkjer fram resepten og kva som blir gjort med han. Du kan bli beden om å vise legitimasjon, både ved utlevering av varer og når du ønskjer utskrift. Ved utlevering av sterke smertestillande eller beroligande legemiddel som kan misbrukast, skal du vise legitimasjon.

Relatert innhold

E-resept-telefonen

Har du spørsmål eller kommentarar?
Vis tenesta Mine reseptar

Når du har fått e-resept av legen, kan du bruke tenesta Mine reseptar til å få oversikt over e-reseptane dine.