Den offentlige helsetenesta dekker det meste av di behandling ved offentlig sjukehus, hos fastlege eller hos annen behandlar utanom sjukehus. Du kan også ha rett til å få dekt delar av utgiftene dine til behandling hos ulike grupper av helsepersonell, til legemiddel, næringsmiddel eller medisinsk forbruksmateriell.

Under menypunktet ”Dekning av helseutgifter” på Helfo.no finn du lista opp dei 18 ulike dekningsområda som Helseøkonomiforvaltninga (HELFO) har ansvaret for.
Har du spørsmål til ein eller fleire av desse dekningsområda, kan du ta kontakt med HELFO servicesenter på telefonnummer 815 70 030 eller e-post: servicesenteret@helfo.no.
Egenandeler og frikort
Ved undersøking og behandling hos fastlege eller andre behandlarar, eller ved henting av medisin på blå resept, må du normalt betale ein eigendel. Når du har betalt eit visst beløp i eigendelar, får du frikort for helsetjenester.
Etter at du har mottatt frikort, slepp du å betale eigendelar for resten av kalenderåret.
I Noreg finns det to frikort-ordningar som omfattar mange av dekningsområda nemnt ovanfor, ei ordning for eigendelstak 1 og en for eigendelstak 2.
Har du fått frikort i den eine ordninga, kan du ikkje nytte det i den andre ordninga.