I Noreg er konsentrasjonen av svevestøv høgast om vinteren. I store byar er vegtrafikk den viktigaste kjelda.
.jpg)
Dei minste svevestøvpartiklane kan følgje lufta ein pustar inn ned i lungene. Her fører dei til reaksjonar som kan bidra til blant anna astma-anfall, bronkitt og hjarte-karsjukdommar.
Partikkelforureining eller svevestøv ser ut til å ha større helseverknader ved låge konsentrasjonar enn det ein tidlegare trudde. Først og fremst er det befolkninga i større byar som er utsette. Både støvpartiklane sin storleik, samansetnad og mengde har betydning.
Svevestøvet er ei blanding av støv frå ulike kjelder. Konsentrasjonen er størst om vinteren. Verforhold og topografi vil ha betydning for svevestøvmengda i lufta. På stille vinterdagar kan kald luft langs bakken hindre luftsirkulasjon (inversjonsverlag), og då kan luftforureininga bli særleg høg. Motsett vil nedbør og vind fjerne forureiningar.
Sist oppdatert
:
23.02.2011