Fysisk aktivitet på skoleveien

 
Gutt på vei til skolen
Illustrasjonsfoto: colourbox.com
Helsedirektoratet oppfordrar foreldre til å la bilen stå og følgje barna til skulen. Slik får små og store god mosjon – og ei rekke andre helsevinster.

Litt mosjon gir stor gevinst

Alle barn bør være i aktivitet minst 60 minutt kvar dag, ikkje minst når dei er på veg til skulen.
 
På den måten får ungane mellom anna betre motorikk og betre konsentrasjonsevne i læringssituasjonen. I tillegg kjem ei rekke gevinstar som ein først når ungane blir større.
 
– Det er ein klar samanheng mellom aktivitet som ung og helsa som vaksen. Me ser at diabetes type 2, hjerte- og karsjukdommar og beinskjørheit er på framvekst. Dette er sjukdommar som ofte rammar dei som er lite i aktivitet, seier avdelingsdirektør Henriette Øien i Helsedirektoratet.
 
Aktiviteten går ned
Kartlegginga «Fysisk aktivitet blant barn og unge i Noreg», gjort av Helsedirektoratet, syner at jentene er langt mindre aktive enn gutane.
  • Som niåringar er 91 prosent av gutane fysisk aktive, mot 75 prosent av jentene.
  • På 15-årsstadiet er berre 54 prosent av gutane og 50 prosent av jentene aktive nok.
Difor er det ekstra viktig å passe på at også jentene får nok mosjon, blant anna ved å gå eller sykle kvar dag til skulen.
 
Kva om vegen er utrygg?
Har ein farleg skuleveg, bør foreldra ideelt sett følgje barna. For mange føresette kan det være vanskeleg. Men mange foreldre rundt om i landet kan gått saman om opplegg som gjer livet enklare og tryggare for små og større barn på skuleveg.
 
– Det går an å stoppe eit lite stykke unna skulen og la barnet gå siste stykket åleine, saman med vener eller foreldre. Nokre foreldre har med hell valt å lage følgjevennordningar og «gåande skulebussar». Det siste vil seie at vaksne bytter på å følgje fleire barn, seier Øien.
 
– Å gå saman med andre er sosialt. Det ligg mykje meistring i å gå til skulen åleine, understrekar Øien.



Relatert innhold

Andre nettsteder:

Barn i bil

23 prosent av norske barn kjøres til skolen. Ikke fordi skoleveien er trafikkfarlig, men fordi det er praktisk.