Nitrøse gassar er irriterande, "tørre" gassar. Ved kontakt med slimhinner i nedre luftvegar vert det danna syrer som kan gje etseskadar i lungene. Kontakt Giftinformasjonen for råd. Ved alvorlege/livstruande symptom ring 113.
Benevningen nitrøse gassar nyttas om gassane nitrogenoksid, nitrogendioksid, dinitrogentetraoksid og dinitrogentrioksid.
Symptom
- Symptom som hoste, lett pustebesvær, svimring, hovudverk og brekningar
kan koma umiddelbart etter eksponering.
- Avhengig av konsentrasjon og eksponeringstid kan meir alvorlege symptom som til dømes lungeødem utviklast.
Førstehjelp
- Den eksponerte må snarast evakuerast frå området og haldast varm og i ro.
- Fysisk aktivitet vil auka risikoen for lungeskade.
- Alle pasientar med symptom frå luftvegane bør observarast på sjukehus i eit døgn.
Kontakt Giftinformasjonen for råd. Ved alvorlege/livstruande symptom ring -113-.