Klor er ein irriterande gass. Når klorgass kjem i kontakt med slimhinner, vert det danna syrer, som truleg er ansvarleg for dei giftige effektane. Kontakt Giftinformasjonen for råd hvis nokon har vore utsett for klor. Ved alvorlege/livstruande symptom ring -113-.
Det er ein gulgrøn gass med ei stikkande, karakteristisk lukt. Klor blir mykje brukt i industrien, blant anna i produksjon av plast.
Symptom
- I lettare tilfelle vil klorgass medføra irritasjon i auge, nase og svelg med hoste og lett pustebesvær.
- Avhengig av konsentrasjon og eksponeringstid kan meir alvorlege symptom som væske i lungene oppstå.
Førstehjelp
- Den eksponerte må snarast evakuerast frå området og haldast varm og i ro.
- Fysisk aktivitet vil auka risikoen for lungeskade.
- Alle pasientar med symptom frå luftvegane bør observarast på sjukehus i eit døgn.