Bilde
Illustrasjonsfoto: Colourbox.com
Karbonmonoksid (CO, kullos) er ein svært giftig gass. Karbonmonoksid vert danna ved forbrenning av materiale der det er begrensa tilgang på oksygen, til dømes ved brann og i eksos. Kontakt Giftinformasjonen for råd viss nokon har vore utsett for karbonmonoksid. Ved alvorlege/livstruande symptom ring -113-.
CO verkar blant anna ved å ta plassen til oksygen i dei raude blodlekamane og i mange andre system i kroppen. Resultatet er at vevet får skadar som følgje av oksygenmangel.
Symptom
Vanlege symptom på CO-forgifting er hovudverk, svimmelheit, mental uro, kvalme, oppkast og hyperventilering.
Ved alvorleg forgifting kjem tap av medvit og kveling.
CO-forgifting kan gje nevrologiske seinfølgjer i form av blant anna konsentrasjonsvanskar, irritabilitet, hovudverk, psykose og tap av minne. Høg alder er antatt å vera ein risikofaktor for slike seinskadar.
Reaksjonen på CO er svært individuell. Faktorar som blant anna omfanget av forbrenningsskadar, alder, stress, alkoholpåverknad, sjukdomshistorie og tobakksrøyking kan ha mykje å seie for korleis CO vil påverka ein person.
CO-forgifting og graviditet
CO-forgifting er særleg problematisk for gravide kvinner då fosteret er meir følsamt for dei skadelege effektane av gassen. Kontakt Giftinformasjonen for råd.
Førstehjelp- Frisk luft og hvile
- Ved alvorlige/livstruande symptom ring -113-
- Kontakt Giftinformasjonen for råd
Se også
førstehjelp ved innånding av gasserSe også
branngasser