Hydrogensulfid (H2S) er både ein irriterande og systemtoksisk (har effekt på heile kroppen) gass. Den er fargelaus, tyngre enn luft og luktar som råtne egg. Forgiftingar er sjeldne og førekjem først og fremst i landbruket hjå dyr og menneske etter eksponering for gjødselgass. Hvis nokon har vært utsett for hydrogensulfid kontakt Giftinformasjonen. Ved alvorlege/livstruande symptom ring -113-.
Symptom
- Irritasjon i auge og luftvegar er vanleg.
- Lungebetennelse og væske i lungene kan komme fleire timar etter eksponering.
- Kvalme og brekningar
- Svimring, hovudverk, uro, sløvleik, nedsatt medvit, koma og kramper.
- Ved høye konsentrajonar kan hydrogensulfid gi bevistløyse etter veldig kort tid.
Førstehjelp
- Få pasienten i frisk luft og hald vedkomande i fullstendig ro.
- Pass på at pasienten har frie luftvegar, ring 113 ved livstrugande symptomar.
- Auga og hud skylles godt.
- Ver varsam slik at andre personar ikkje vert eksponert.